2 Han sende bod inn i byen til Ahab, kongen i Israel,
3 med denne meldinga: «Så seier Ben-Hadad: Sølvet og gullet ditt er mitt, og dei vakraste konene og borna dine er mine.»
4 Israels-kongen svara: «Det skal vera som du seier, herre konge. Eg og alt eg eig, er ditt.»
5 Sendeboda kom att og sa: «Så seier Ben-Hadad: Eg sende bod til deg og sa: Du skal gje meg sølvet og gullet og konene og borna dine.
6 I morgon på denne tid sender eg folka mine til deg. Dei skal ransaka både slottet ditt og husa til mennene dine. Alt det som auga dine gleder seg ved, skal dei ta med seg.»
7 Då kalla Israels-kongen saman alle dei eldste i landet og sa: «No ser de klårt at denne mannen berre vil oss vondt. Då han sende bod til meg etter konene og borna mine, sølvet og gullet mitt, nekta eg han det ikkje.»
8 Alle dei eldste og heile folket sa då til han: «Ikkje høyr på han, ikkje gjev etter!»