20 Dei hogg ned kvar sin mann. Aramearane flykta, og israelittane forfølgde dei. Aramearkongen Ben-Hadad slapp unna til hest saman med nokre ryttarar.
21 Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og tok hestane og vognene deira. Slik gav han aramearane eit stort nederlag.
22 Då steig profeten fram for Israels-kongen og sa til han: «Gå og rust deg til strid! Tenk vel etter kva du skal gjera. For ved årsskiftet vil aramearkongen dra opp mot deg att.»
23 Mennene til aramearkongen sa til kongen sin: «Guden deira er ein fjellgud. Difor vann dei over oss. Men kjempar vi mot dei på sletta, vinn vi over dei.
24 Dette skal du gjera: Avset alle desse kongane og set inn statthaldarar i staden!
25 Du skal stilla opp ein hær som er like stor som den du mista, med like mange hestar og vogner. Lat oss så kjempa mot dei på slett mark. Då skal vi sikkert slå dei.» Kongen høyrde på rådet og gjorde som dei sa.
26 Ved årsskiftet mønstra Ben-Hadad aramearhæren. Han drog opp til Afek for å kjempa mot Israel.