1. Kongebok 20:28-34 N11NN

28 Då steig gudsmannen fram for Israels-kongen og sa til han: «Så seier Herren: Fordi aramearane har sagt at Herren berre er ein fjellgud og ikkje ein gud i dalane, så vil eg gje heile denne store flokken i di hand, og de skal sanna at eg er Herren.»

29 I sju dagar låg hærane midt imot einannan. Den sjuande dagen byrja krigen. Israelittane felte på ein dag hundre tusen mann av fotfolket til aramearane.

30 Dei som var att, flykta til byen Afek. Men bymuren ramla ned over dei 27 000 mennene som var att.Ben-Hadad flykta òg. Han flykta inn i byen og sprang frå rom til rom.

31 Då sa mennene hans til han: «Vi har høyrt at kongane av Israels hus er forsonlege. Lat oss binda sekkestrie om hoftene og leggja tau om hovudet og så gå ut til Israels-kongen! Kanskje han då lèt deg få leva.»

32 Så batt dei sekkestrie om hoftene og tau om hovuda, og då dei kom til Israels-kongen, sa dei: «Din tenar Ben-Hadad bed om at du må la han få leva.» Ahab svara: «Lever han enno? Han er bror min.»

33 Mennene tykte dette var eit godt varsel. Dei tok han straks på ordet og sa: «Ja, Ben-Hadad er bror din.» Då sa Ahab: «Gå og hent han!» Ben-Hadad kom ut til han, og Ahab lét han stiga opp i vogna si.

34 Då sa Ben-Hadad til han: «Dei byane som far min tok frå far din, vil eg gje deg tilbake. Og du kan få byggja basargater i Damaskus, slik far min gjorde i Samaria.» Ahab svara: «På det vilkåret gjev eg deg fri.» Så gjorde han ei pakt med Ben-Hadad og sleppte han fri.