31 Då sa mennene hans til han: «Vi har høyrt at kongane av Israels hus er forsonlege. Lat oss binda sekkestrie om hoftene og leggja tau om hovudet og så gå ut til Israels-kongen! Kanskje han då lèt deg få leva.»
32 Så batt dei sekkestrie om hoftene og tau om hovuda, og då dei kom til Israels-kongen, sa dei: «Din tenar Ben-Hadad bed om at du må la han få leva.» Ahab svara: «Lever han enno? Han er bror min.»
33 Mennene tykte dette var eit godt varsel. Dei tok han straks på ordet og sa: «Ja, Ben-Hadad er bror din.» Då sa Ahab: «Gå og hent han!» Ben-Hadad kom ut til han, og Ahab lét han stiga opp i vogna si.
34 Då sa Ben-Hadad til han: «Dei byane som far min tok frå far din, vil eg gje deg tilbake. Og du kan få byggja basargater i Damaskus, slik far min gjorde i Samaria.» Ahab svara: «På det vilkåret gjev eg deg fri.» Så gjorde han ei pakt med Ben-Hadad og sleppte han fri.
35 Ein av profetlæresveinane sa på Herrens bod til ein av dei andre: «Slå til meg!» Men mannen nekta.
36 Då sa profeten til han: «Fordi du ikkje lydde Herrens røyst, skal det koma ei løve og drepa deg når du går frå meg.» Og med det same den andre gjekk, kom det ei løve imot han og drap han.
37 Så møtte profeten ein annan mann og sa: «Slå til meg!» Mannen slo til han og gav han eit sår.