36 Då sa profeten til han: «Fordi du ikkje lydde Herrens røyst, skal det koma ei løve og drepa deg når du går frå meg.» Og med det same den andre gjekk, kom det ei løve imot han og drap han.
37 Så møtte profeten ein annan mann og sa: «Slå til meg!» Mannen slo til han og gav han eit sår.
38 Profeten gjekk og stilte seg opp på vegen for å venta på kongen. Han hadde knytt eit bind for auga så ingen kunne kjenna han att.
39 Då kongen kom forbi, ropa profeten til han: «Tenaren din gjekk med i den verste striden. Midt i striden kom det ein bort til meg med ein mann og sa: Sjå vel etter denne karen! Slepp han unna, må du bøta for det med ditt eige liv eller betala ein talent sølv.
40 Men då tenaren din hadde det travelt med både det eine og det andre, vart mannen borte.» Israels-kongen sa: «Der felte du din eigen dom.»
41 Då reiv profeten bindet frå auga, og kongen kjende han att og såg at det var ein av profetane.
42 Profeten sa til han: «Så seier Herren: Fordi du lét den mannen som eg hadde bannlyst, sleppa unna, skal du lata livet i staden for han, og ditt folk i staden for hans folk.»