40 Men då tenaren din hadde det travelt med både det eine og det andre, vart mannen borte.» Israels-kongen sa: «Der felte du din eigen dom.»
41 Då reiv profeten bindet frå auga, og kongen kjende han att og såg at det var ein av profetane.
42 Profeten sa til han: «Så seier Herren: Fordi du lét den mannen som eg hadde bannlyst, sleppa unna, skal du lata livet i staden for han, og ditt folk i staden for hans folk.»
43 Så drog Israels-kongen heim. Motlaus og bitter kom han til Samaria.