6 I morgon på denne tid sender eg folka mine til deg. Dei skal ransaka både slottet ditt og husa til mennene dine. Alt det som auga dine gleder seg ved, skal dei ta med seg.»
7 Då kalla Israels-kongen saman alle dei eldste i landet og sa: «No ser de klårt at denne mannen berre vil oss vondt. Då han sende bod til meg etter konene og borna mine, sølvet og gullet mitt, nekta eg han det ikkje.»
8 Alle dei eldste og heile folket sa då til han: «Ikkje høyr på han, ikkje gjev etter!»
9 Ahab sa til sendeboda frå Ben-Hadad: «Sei til min herre kongen: Alt det du første gongen sende bod til tenaren din om, det skal eg gjera. Men dette kan eg ikkje gjera.» Sendeboda drog bort og bar svaret fram.
10 Endå ein gong sende Ben-Hadad bod til han og sa: «Måtte gudane la det gå meg ille både no og sidan om det blir nok støv att av Samaria til at folket som følgjer meg, kan få ei handfull kvar.»
11 Israels-kongen svara: «Sei til han at den som bind sverdet om seg, ikkje må skryta slik den gjer som tek det av seg.»
12 Ben-Hadad fekk denne meldinga medan han og dei andre kongane sat og drakk i Sukkot. Han sa då til mennene sine: «Still dykk opp!» Dei stilte seg opp for å storma byen.