1 Ei tid etter hende dette: Nabot, ein mann i Jisreel, hadde ein vingard. Han låg ved sida av eit slott som høyrde Ahab, kongen i Samaria, til.
2 Ahab tala med Nabot og sa: «Lat meg få vingarden din! Eg vil ha han til grønsakhage, for han ligg like ved huset mitt. Eg skal gje deg ein betre vingard i staden, eller om du så vil, gje deg det han er verd i pengar.»
3 Men Nabot svara Ahab: «Herren fri meg frå å gje deg fedrearven min!»
4 Så gjekk Ahab heim, motlaus og bitter fordi Nabot frå Jisreel hadde svara han slik og sagt: «Eg gjev deg ikkje fedrearven min.» Han kasta seg på senga, vende andletet bort og ville ikkje eta.
5 Då kom kona hans, Jesabel, inn og spurde: «Kvifor er du så mismodig og smakar ikkje mat?»
6 Han svara: «Eg tala med Nabot frå Jisreel og sa til han: Sel meg vingarden din for pengar, eller om du vil, byt med meg i ein annan vingard. Men han svara: Eg vil ikkje gje deg vingarden min.»
7 Då sa kona hans, Jesabel, til han: «No får du visa at det er du som er konge i Israel! Stå opp, få deg mat og ver ved godt mot! Eg skal syta for at du får vingarden til Nabot frå Jisreel.»