13 Då kom dei to vondsinna mennene og sette seg midt imot han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har forbanna Gud og kongen.» Og dei førte han ut av byen og steina han til døde.
14 Så sende dei bod til Jesabel og sa: «Nabot har vorte steina. Han er død.»
15 Så snart Jesabel fekk høyra at Nabot var steina til døde, sa ho til Ahab: «Stå opp og ta vingarden til Nabot frå Jisreel i eige, den som han nekta å selja deg for pengar! For Nabot lever ikkje lenger; han er død.»
16 Då Ahab høyrde at Nabot var død, stod han opp og gjekk ned til vingarden for å ta han i eige.
17 Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe:
18 «Stå opp, gå ned og møt Ahab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vingarden til Nabot; han er nett gått dit ned for å ta han i eige.
19 Tal til han og sei: Så seier Herren: Har du ikkje myrda, og no har du alt teke over eigedomen? Deretter skal du tala til han og seia: Så seier Herren: På den staden der hundane sleikte blodet til Nabot, skal dei sleikja ditt blod òg.»