15 Så snart Jesabel fekk høyra at Nabot var steina til døde, sa ho til Ahab: «Stå opp og ta vingarden til Nabot frå Jisreel i eige, den som han nekta å selja deg for pengar! For Nabot lever ikkje lenger; han er død.»
16 Då Ahab høyrde at Nabot var død, stod han opp og gjekk ned til vingarden for å ta han i eige.
17 Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe:
18 «Stå opp, gå ned og møt Ahab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vingarden til Nabot; han er nett gått dit ned for å ta han i eige.
19 Tal til han og sei: Så seier Herren: Har du ikkje myrda, og no har du alt teke over eigedomen? Deretter skal du tala til han og seia: Så seier Herren: På den staden der hundane sleikte blodet til Nabot, skal dei sleikja ditt blod òg.»
20 Ahab sa til Elia: «Har du funne meg no, uvenen min?» Han svara: «Ja, eg har funne deg. Fordi du har selt deg til å gjera det som er vondt i Herrens auge,
21 fører eg no ulukke over deg. Så vil eg feia etter deg og rydda ut alle mannfolk i Ahab-ætta i Israel, både fange og fri.