23 Og om Jesabel har Herren sagt: Hundane skal eta opp Jesabel på Jisreel-vollen.
24 Den av Ahab-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp; og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»
25 Aldri har det vore ein slik konge som Ahab. Han selde seg til å gjera det som var vondt i Herrens auge, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det.
26 Men det styggaste var at han følgde avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren hadde drive bort for israelittane.
27 Då Ahab høyrde kva Elia sa, reiv han sund kleda sine, batt sekkestrie om kroppen og fasta. Han sov i sekkestrien og gjekk stilt omkring.
28 Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe:
29 «Har du sett at Ahab har audmjuka seg for meg? Fordi han audmjuka seg, vil eg ikkje la ulukka koma i hans tid. Men i tida til son hans vil eg la ulukka koma over hans hus.»