7 Då sa kona hans, Jesabel, til han: «No får du visa at det er du som er konge i Israel! Stå opp, få deg mat og ver ved godt mot! Eg skal syta for at du får vingarden til Nabot frå Jisreel.»
8 Så skreiv Jesabel eit brev i Ahabs namn, sette seglet hans på og sende det til dei eldste og stormennene som budde i same byen som Nabot.
9 I brevet skreiv ho: «Rop ut ei faste, og lat Nabot sitja øvst mellom folket!
10 Set to vonde menn midt imot han, så dei kan vitna mot han og seia: Du har forbanna Gud og kongen. Før han så ut og stein han i hel!»
11 Mennene i byen hans, dei eldste og stormennene i Jisreel, gjorde det Jesabel hadde sendt bod til dei om, slik som det stod i brevet ho hadde sendt dei.
12 Dei ropa ut ei faste og lét Nabot sitja øvst mellom folket.
13 Då kom dei to vondsinna mennene og sette seg midt imot han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har forbanna Gud og kongen.» Og dei førte han ut av byen og steina han til døde.