9 I brevet skreiv ho: «Rop ut ei faste, og lat Nabot sitja øvst mellom folket!
10 Set to vonde menn midt imot han, så dei kan vitna mot han og seia: Du har forbanna Gud og kongen. Før han så ut og stein han i hel!»
11 Mennene i byen hans, dei eldste og stormennene i Jisreel, gjorde det Jesabel hadde sendt bod til dei om, slik som det stod i brevet ho hadde sendt dei.
12 Dei ropa ut ei faste og lét Nabot sitja øvst mellom folket.
13 Då kom dei to vondsinna mennene og sette seg midt imot han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har forbanna Gud og kongen.» Og dei førte han ut av byen og steina han til døde.
14 Så sende dei bod til Jesabel og sa: «Nabot har vorte steina. Han er død.»
15 Så snart Jesabel fekk høyra at Nabot var steina til døde, sa ho til Ahab: «Stå opp og ta vingarden til Nabot frå Jisreel i eige, den som han nekta å selja deg for pengar! For Nabot lever ikkje lenger; han er død.»