17 Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»
18 Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»
19 Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod omkring han, somme på høgre og somme på venstre sida.
20 Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.
21 Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for Herrens andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde Herren.
22 Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»
23 Så har då Herren lagt ei løgnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Herren har varsla ulukke for deg.