2 Tredje året drog Josjafat, kongen i Juda, ned til kongen i Israel.
3 Då sa Israels-kongen til mennene sine: «De veit vel at Ramot i Gilead høyrer til oss? Og så gjer vi ingenting for å ta byen tilbake frå aramearkongen!»
4 Og til Josjafat sa han: «Vil du gå med meg i krig mot Ramot i Gilead?» Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
5 Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør først Herren til råds!»
6 Då samla Israels-kongen profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far opp! Herren vil gje byen i kongens hender.»
7 Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»
8 Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»