25 Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.»
26 Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj
27 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre få små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.»
28 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»
29 Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.
30 Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut og drog ut i krigen.
31 Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til dei trettito kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot kven som helst, korkje høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.»