33 Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.
34 Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.»
35 Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane. Men då kvelden kom, døydde han. Og blodet frå såret rann ned i botnen av vogna.
36 Ved solnedgang gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!»
37 Slik døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han.
38 Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans medan dei prostituerte kvinnene bada der. Det gjekk som Herren hadde sagt.
39 Det som elles er å seia om Ahab og alt det han utretta, om elfenbeinshuset han reiste og alle byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.