35 Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane. Men då kvelden kom, døydde han. Og blodet frå såret rann ned i botnen av vogna.
36 Ved solnedgang gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!»
37 Slik døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han.
38 Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans medan dei prostituerte kvinnene bada der. Det gjekk som Herren hadde sagt.
39 Det som elles er å seia om Ahab og alt det han utretta, om elfenbeinshuset han reiste og alle byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
40 Så gjekk Ahab til kvile hos fedrane sine, og Ahasja, son hans, vart konge etter han.
41 Då Ahab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda.