38 Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans medan dei prostituerte kvinnene bada der. Det gjekk som Herren hadde sagt.
39 Det som elles er å seia om Ahab og alt det han utretta, om elfenbeinshuset han reiste og alle byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
40 Så gjekk Ahab til kvile hos fedrane sine, og Ahasja, son hans, vart konge etter han.
41 Då Ahab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda.
42 Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi.
43 Josjafat følgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge.
44 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket heldt fram med å slakta og brenna røykjelse på haugane.