43 Josjafat følgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge.
44 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket heldt fram med å slakta og brenna røykjelse på haugane.
45 Josjafat heldt fred med kongen i Israel.
46 Det som elles er å seia om Josjafat, om dei storverk han gjorde og krigane han førte, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
47 Resten av dei tempelprostituerte mennene, dei som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut av landet.
48 Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar styrte der.
49 Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle segla til Ofir etter gull. Men dei kom aldri dit, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.