45 Josjafat heldt fred med kongen i Israel.
46 Det som elles er å seia om Josjafat, om dei storverk han gjorde og krigane han førte, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
47 Resten av dei tempelprostituerte mennene, dei som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut av landet.
48 Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar styrte der.
49 Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle segla til Ofir etter gull. Men dei kom aldri dit, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.
50 Den gongen sa Ahasja, son åt Ahab, til Josjafat: «Lat mine folk segla saman med dine på skipa.» Men det ville ikkje Josjafat.
51 Så gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Joram, son hans, vart konge etter han.