49 Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle segla til Ofir etter gull. Men dei kom aldri dit, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.
50 Den gongen sa Ahasja, son åt Ahab, til Josjafat: «Lat mine folk segla saman med dine på skipa.» Men det ville ikkje Josjafat.
51 Så gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Joram, son hans, vart konge etter han.
52 Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Ahasja, son til Ahab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år.
53 Ahasja gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han følgde den same vegen som far hans og mor hans hadde følgt, og som Jeroboam, son til Nebat, hadde følgt, han som fekk Israel til å synda.
54 Han dyrka Baal og tilbad han og gjorde Herren, Israels Gud, rasande, heilt og fullt som far hans hadde gjort.