7 Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»
8 Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»
9 Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»
10 Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte.
11 Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til du får gjort ende på dei.»
12 Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i kongens hender.»
13 Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr her! Dei andre profetane profeterer med éin munn at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira og spå godt, du òg!»