9 Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»
10 Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte.
11 Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til du får gjort ende på dei.»
12 Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i kongens hender.»
13 Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr her! Dei andre profetane profeterer med éin munn at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira og spå godt, du òg!»
14 Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.»
15 Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far opp dit, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene på kongen.»