1 Salomo vart svigerson til farao, kongen i Egypt. Han tok dotter til farao til ekte og førte henne heim til Davidsbyen. Der budde ho til han hadde bygd ferdig sitt eige hus, Herrens hus og muren kring Jerusalem.
2 Men folket heldt fram med å ofra på haugane, for enno var det ikkje bygd noko hus for Herrens namn.
3 Salomo elska Herren, så han følgde forskriftene frå David, far sin. Men han ofra på haugane og tende offereld der.
4 Kongen fór til Gibeon for å ofra der, sidan det var største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der.
5 I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta. Gud sa: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!»