13 Og det du ikkje bad om, vil eg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane.
14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»
15 Salomo vakna. Det hadde vore ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram fredsoffer og heldt festmåltid for alle tenarane sine.
16 Seinare ein gong steig det to prostituerte kvinner fram for kongen.
17 Den eine sa: «Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der bur i same huset. Så fekk eg eit barn medan ho var heime.
18 Tredje dagen etter at eg hadde fødd, fødde også denne kvinna. Der var vi åleine, vi to. Det fanst ingen framand hos oss i huset, berre vi to var heime åleine.
19 Ei natt døydde sonen til denne kvinna, for ho kom til å liggja på han.