16 Seinare ein gong steig det to prostituerte kvinner fram for kongen.
17 Den eine sa: «Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der bur i same huset. Så fekk eg eit barn medan ho var heime.
18 Tredje dagen etter at eg hadde fødd, fødde også denne kvinna. Der var vi åleine, vi to. Det fanst ingen framand hos oss i huset, berre vi to var heime åleine.
19 Ei natt døydde sonen til denne kvinna, for ho kom til å liggja på han.
20 Då stod ho opp midt på natta og tok guten or armane mine medan eg sov. Ho la han ved barmen sin, og sin eigen døde gut la ho ved min barm.
21 Då eg stod opp om morgonen og skulle gje guten bryst, var han død. Men då eg såg på han i morgonlyset, var det ikkje guten min, han eg hadde fødd.»
22 Då sa den andre kvinna: «Nei, det er min gut som lever, og din som er død.» Men den første svara: «Nei, det er din gut som er død, og min som lever.» Slik stod dei og tretta framfor kongen.