2 Men folket heldt fram med å ofra på haugane, for enno var det ikkje bygd noko hus for Herrens namn.
3 Salomo elska Herren, så han følgde forskriftene frå David, far sin. Men han ofra på haugane og tende offereld der.
4 Kongen fór til Gibeon for å ofra der, sidan det var største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der.
5 I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta. Gud sa: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!»
6 Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot din tenar David, far min, fordi han ferdast for ditt andlet i truskap og rettferd og hadde eit hjarte som var ærleg. Og denne store miskunn har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag.
7 No har du, Herre, min Gud, gjort tenaren din til konge etter David, far min. Men eg er berre ein ungdom og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt i eitt og alt.
8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt som du har valt ut, eit folk så stort at det ikkje kan teljast, og så talrikt at det ikkje kan reknast.