23 Då sa kongen: «Den eine seier: Det er min son som lever, og din son er død. Og den andre seier: Nei, det er din son som er død, og min son lever.
24 Hent eit sverd til meg!» sa kongen. Dei kom inn til kongen med eit sverd,
25 og han sa: «Hogg det levande barnet i to, og lat dei to kvinnene få kvar sin halvpart.»
26 Då sa den kvinna som var mor til det levande barnet, til kongen, for hjartet brann for hennar barn: «Høyr på meg, min herre! Lat henne få den guten som lever, og drep han ikkje!» Men den andre sa: «Barnet skal verken vera mitt eller ditt. Berre hogg til!»
27 Då tok kongen til orde og sa: «Lat den første kvinna få det levande barnet, og drep det ikkje! Ho er mora.»
28 Heile Israel fekk høyra om den dommen kongen hadde dømt, og folket fekk age for kongen. For dei såg at Guds visdom var i hjartet hans, slik at han skifte rett.