6 Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot din tenar David, far min, fordi han ferdast for ditt andlet i truskap og rettferd og hadde eit hjarte som var ærleg. Og denne store miskunn har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag.
7 No har du, Herre, min Gud, gjort tenaren din til konge etter David, far min. Men eg er berre ein ungdom og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt i eitt og alt.
8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt som du har valt ut, eit folk så stort at det ikkje kan teljast, og så talrikt at det ikkje kan reknast.
9 Så gjev då tenaren din eit hjarte som kan høyra, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt. For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?»
10 At nett dette var svaret frå Salomo, var godt i Herrens auge.
11 Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men om vit til å skjøna kva som er rett,
12 så vil eg gjera det du har bede om. Eg gjev deg eit vist og vitug hjarte. Aldri før har det vore nokon som deg, og din like skal heller aldri koma.