12 Baana, son til Ahilud, hadde Taanak, Megiddo og heile Bet-Sjean, som ligg ved Saretan, nedanfor Jisreel, frå Bet-Sjean til Abel-Mehola og bortom Jokmeam;
13 Ben-Geber i Ramot i Gilead – han hadde teltbyane til Ja'ir, son til Manasse, i Gilead, og Argob-bygda i Basan, seksti store byar med murar og bronsebommar;
14 Ahinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim;
15 Ahimaas hadde Naftali – han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat;
16 Baana, son til Husjai, i Asjer og Alot;
17 Josjafat, son til Paruah, i Jissakar;
18 Sjimi, son til Ela, i Benjamin;