14 Ahinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim;
15 Ahimaas hadde Naftali – han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat;
16 Baana, son til Husjai, i Asjer og Alot;
17 Josjafat, son til Paruah, i Jissakar;
18 Sjimi, son til Ela, i Benjamin;
19 Geber, son til Uri, i Gilead, det landet som amorittkongen Sihon og Basan-kongen Og hadde hatt. Dessutan var det ein fut i Juda.
20 Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden ved havet. Dei åt og drakk og var glade.