17 Josjafat, son til Paruah, i Jissakar;
18 Sjimi, son til Ela, i Benjamin;
19 Geber, son til Uri, i Gilead, det landet som amorittkongen Sihon og Basan-kongen Og hadde hatt. Dessutan var det ein fut i Juda.
20 Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden ved havet. Dei åt og drakk og var glade.
21 Salomo herska over alle kongerika frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei betalte skatt og stod under Salomo så lenge han levde.
22 Til matlaging hos Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor fint mjøl og seksti kor grovt mjøl,
23 ti gjødde oksar, tjue drifteoksar og hundre sauer og i tillegg hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser.