2 Dette var dei øvste embetsmennene hans: Asarja, son til Sadok, var prest;
3 Elihoref og Ahia, sønene til Sjisja, var riksskrivarar; Josjafat, son til Ahilud, var protokollførar;
4 Benaja, son til Jojada, var hærførar; Sadok og Abjatar var prestar;
5 Asarja, son til Natan, var oppsynsmann over futane; Sabud, son til Natan, var ven med kongen;
6 Ahisjar var borgherre; Adoniram, son til Abda, hadde oppsyn med dei som gjorde pliktarbeid.
7 Salomo sette tolv futar over heile Israel. Dei skulle syta for matforsyningar til kongen og hoffet hans. Kvar sin månad i året skulle dei syta for det.
8 Dette er namna deira: Ben-Hur, i fjellandet Efraim;