26 Salomo hadde førti tusen stallplassar til vognhestane sine og tolv tusen ryttarar.
27 Dei tolv futane sytte kvar sin månad for matforsyningar til kong Salomo og alle som gjekk til hans bord. Dei lét det ikkje skorta på noko.
28 Dei skulle òg etter tur gje bygg og halm til hestane og trekkdyra der dei heldt seg.
29 Gud gav Salomo visdom og svært stor innsikt og ein forstand vidare enn sanden på havsens strand.
30 Visdomen til Salomo var større enn visdomen til alle i aust og alle egyptarane.
31 Han var visare enn noko anna menneske, visare enn Etan av Esrah-ætta og Mahol-sønene Heman, Kalkol og Darda. Namnet hans var kjent mellom alle heidningfolka rundt ikring.
32 Salomo smidde tre tusen ordtak, og songane hans var eitt tusen og fem i talet.