6 Ahisjar var borgherre; Adoniram, son til Abda, hadde oppsyn med dei som gjorde pliktarbeid.
7 Salomo sette tolv futar over heile Israel. Dei skulle syta for matforsyningar til kongen og hoffet hans. Kvar sin månad i året skulle dei syta for det.
8 Dette er namna deira: Ben-Hur, i fjellandet Efraim;
9 Ben-Deker, i Makas, Sjaalvim, Bet-Sjemesj, Elon og Bet-Hanan;
10 Ben-Hesed, i Arubbot – han hadde Soko og heile Hefer-landet;
11 Ben-Abinadab hadde heile Dor-høglandet – han var gift med Tafat, dotter til Salomo;
12 Baana, son til Ahilud, hadde Taanak, Megiddo og heile Bet-Sjean, som ligg ved Saretan, nedanfor Jisreel, frå Bet-Sjean til Abel-Mehola og bortom Jokmeam;