1 Då Hiram, kongen i Tyros, fekk høyra at Salomo var salva til konge etter far sin, sende han tenarane sine til Salomo. For Hiram hadde alltid vore ein god ven av David.
2 Sidan sende Salomo bod til Hiram med desse orda:
3 «Du veit at David, far min, ikkje fekk bygd eit hus for namnet til Herren sin Gud, fordi det var krig rundt han på alle kantar, til Herren la fiendane under føtene hans.
4 Men no har Herren min Gud gjeve meg fred rundt ikring. Det finst ingen motstandar, og inga ulukke trugar.
5 Difor har eg no tenkt å byggja eit hus for namnet til Herren min Gud, slik som Herren sa til David, far min: Son din, som eg vil setja på kongsstolen etter deg, han skal byggja huset for namnet mitt.
6 Sei no frå til folka dine at dei skal hogga sedertre til meg frå Libanon. Så skal mine folk arbeida med dine folk, og løna til folka dine vil eg gje deg etter ditt eige ord. For du veit at det finst ingen hos oss som skjønar seg så vel på å hogga tre som sidonarane.»