14 Dei sende han i skift til Libanon, ti tusen kvar månad. Ein månad var dei i Libanon og to månader heime. Adoniram hadde oppsyn med pliktarbeidarane.
15 Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet
16 og i tillegg arbeidsformennene som stod under futane hans. Dei var tre tusen tre hundre i talet og hadde oppsyn med arbeidsfolket.
17 Kongen baud at dei skulle bryta store og kostbare steinar, så grunnvollen til tempelet kunne leggjast med hoggen stein.
18 Bygningsmennene til Salomo og Hiram og mennene frå Gebal hogg dei til. Dei gjorde i stand både stokkane og steinane som tempelet skulle byggjast av.