9 Folka mine skal føra dei frå Libanon ned til havet. Så skal vi leggja dei på flåtar og føra dei på havet til den staden du seier meg. Der skal vi ta dei frå kvarandre, og så kan du henta dei. Sidan må du gjera som eg ønskjer, og la meg få det eg treng til hushaldet mitt.»
10 Så lét Hiram Salomo få det han ville av sedertre og sypressar.
11 Og Salomo gav Hiram tjue tusen kor kveite til hushaldet hans og tjue kor fin olivenolje. Så mykje sende Salomo til Hiram år etter år.
12 Herren gav Salomo visdom, slik som han hadde lova. Det var fred mellom Hiram og Salomo, og dei gjorde pakt med einannan.
13 Kong Salomo la pliktarbeid på heile Israel, og pliktarbeidarane talde tretti tusen mann.
14 Dei sende han i skift til Libanon, ti tusen kvar månad. Ein månad var dei i Libanon og to månader heime. Adoniram hadde oppsyn med pliktarbeidarane.
15 Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet