13 Eg vil bu midt mellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»
14 Så bygde Salomo huset og gjorde det ferdig.
15 Han kledde veggene i huset innvendes med sederbord. Frå golvet til takbjelkane kledde han dei med tre, og golvet la han med sypressbord.
16 Tjue alner frå bakveggen av huset reiste han ein vegg av sederbord; han rakk frå golvet opp til takbjelkane. Bak veggen bygde han det inste rommet, Det høgheilage.
17 Tempelhallen framfor det inste rommet var førti alner lang.
18 Innvendes hadde huset utskjeringar i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt saman var sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.
19 Inst inne i tempelet bygde han Det høgheilage. Der skulle Herrens paktkiste stå.