16 Tjue alner frå bakveggen av huset reiste han ein vegg av sederbord; han rakk frå golvet opp til takbjelkane. Bak veggen bygde han det inste rommet, Det høgheilage.
17 Tempelhallen framfor det inste rommet var førti alner lang.
18 Innvendes hadde huset utskjeringar i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt saman var sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.
19 Inst inne i tempelet bygde han Det høgheilage. Der skulle Herrens paktkiste stå.
20 Dette rommet, som var tjue alner langt, tjue alner breitt og tjue alner høgt, kledde han med reint gull. Framfor Det høgheilage sette Salomo eit altar. Det kledde han med sedertre.
21 Salomo kledde huset innvendig med reint gull. Han hengde gullkjeder framfor inngangen til Det høgheilage og kledde han med gull.
22 Heile huset kledde han med gull, frå ende til annan. Og heile altaret som stod framfor det inste rommet, kledde han med gull.