1 Salomo bygde på kongeborga si i tretten år før han fekk henne ferdig.
2 Han bygde Libanon-skoghuset, hundre alner langt, femti alner breitt og tretti alner høgt. Det hadde fire rader med søyler av sedertre, og oppå søylene var det sederbjelkar.
3 Det var eit tak av sedertre over takbjelkane som kvilte mot søylene. I alt var det førtifem, femten i kvar rad.
4 Huset hadde tre rader glas med karmar. Glasa låg beint imot kvarandre i tre høgder.