2 Han bygde Libanon-skoghuset, hundre alner langt, femti alner breitt og tretti alner høgt. Det hadde fire rader med søyler av sedertre, og oppå søylene var det sederbjelkar.
3 Det var eit tak av sedertre over takbjelkane som kvilte mot søylene. I alt var det førtifem, femten i kvar rad.
4 Huset hadde tre rader glas med karmar. Glasa låg beint imot kvarandre i tre høgder.
5 Alle dørene og glasa hadde firkanta karmar og vende beint imot kvarandre i tre høgder.
6 Så bygde han søylehallen, som var femti alner lang og tretti alner brei. Framfor han var det ein forhall med søyler, og framfor den eit skjermtak.
7 Dessutan bygde han tronhallen, der han sat og dømde, Domshallen. Han kledde han med sedertre frå golv til tak.
8 Hans eige hus, det som han budde i, låg i den andre garden innanfor forhallen. Det var bygd på same måten. Salomo bygde òg eit hus for dotter til farao, som han hadde teke til kone. Det likna forhallen.