34 Dei fire berearmane var feste til dei fire hjørna på kvart vognstativ. Berearmane var ein del av stativet.
35 Øvst på kvart vognstativ gjekk ein runding som var ei halv alen høg. Handtaka og berearmane sat øvst og var støypte i eitt med stativet.
36 På flatsida av handtaka og på tverrlistene skar han ut kjerubar, løver og palmar etter som det var rom til, og kransar rundt ikring.
37 Slik laga han dei ti vognstativa. Dei var alle støypte på same vis og hadde same mål og form.
38 Så laga han ti bronsefat. Kvart fat tok førti bat og målte fire alner. Det var eitt fat for kvart av dei ti vognstativa.
39 Fem av vognstativa sette han på høgre sida av tempelet og fem på venstre sida. Havet sette han på høgre sida av huset, mot søraust.
40 Hiram laga grytene, eldskuffene og offerskålene. Med dette hadde Hiram fullført alt handverksarbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Herrens hus: