38 Så laga han ti bronsefat. Kvart fat tok førti bat og målte fire alner. Det var eitt fat for kvart av dei ti vognstativa.
39 Fem av vognstativa sette han på høgre sida av tempelet og fem på venstre sida. Havet sette han på høgre sida av huset, mot søraust.
40 Hiram laga grytene, eldskuffene og offerskålene. Med dette hadde Hiram fullført alt handverksarbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Herrens hus:
41 to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to slyngornament til å dekkja dei to skålene;
42 dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta – to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene;
43 dei ti vognstativa og dei ti fata til kvart av dei;
44 havet – det var berre eitt – og dei tolv oksane under det;