41 to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to slyngornament til å dekkja dei to skålene;
42 dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta – to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene;
43 dei ti vognstativa og dei ti fata til kvart av dei;
44 havet – det var berre eitt – og dei tolv oksane under det;
45 grytene, eldskuffene og offerskålene. Alt dette utstyret som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.
46 Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan.
47 Salomo sette på plass alt utstyret, som var i slike mengder at det ikkje lét seg seia kor mykje bronsen vog.