43 dei ti vognstativa og dei ti fata til kvart av dei;
44 havet – det var berre eitt – og dei tolv oksane under det;
45 grytene, eldskuffene og offerskålene. Alt dette utstyret som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.
46 Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan.
47 Salomo sette på plass alt utstyret, som var i slike mengder at det ikkje lét seg seia kor mykje bronsen vog.
48 Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på;
49 lysestakane, fem til høgre og fem til venstre framfor Det høgheilage, av reint gull, blomeornamenta, lampene og tengene av gull;