1 Så samla Salomo dei eldste i Israel og alle stammehovdingane, leiarane for familiane, hos seg i Jerusalem. Dei skulle føra Herrens paktkiste opp frå Davidsbyen, det er Sion.
2 Og alle menn i Israel samla seg hos kong Salomo på festen i etanim månad, det er den sjuande månaden i året.
3 Då alle dei eldste i Israel var komne, lyfte prestane kista,
4 og dei førte Herrens paktkiste opp saman med teltheilagdomen og alt det heilage utstyret som var i teltet. Det var prestane og levittane som bar dei.
5 Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels forsamling, som hadde samla seg hos han. Dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei.
6 Så bar prestane Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelrommet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.
7 For kjerubane breidde vengene ut over staden der kista stod, så dei dekte både kista og berestengene ovanfrå.