14 Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels forsamling medan dei stod.
15 Han sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som med si hand har fullført det han med sin munn lova David, far min, då han sa:
16 «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut frå Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israel-stammane for at det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Men eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»
17 David, far min, hadde i tankar å byggja eit hus for namnet til Herren, Israels Gud.
18 Men Herren sa til David, far min: «Då du hadde i tankar å byggja eit hus for namnet mitt, var tanken god.
19 Likevel, det er ikkje du som skal byggja huset, men son din, som er av ditt eige kjøt og blod. Han skal byggja huset for namnet mitt.»
20 No har Herren halde det ordet han tala. Eg har følgt etter David, far min, og teke sete på Israels kongsstol, slik Herren har sagt, og eg har bygd huset for namnet til Herren, Israels Gud.