21 Der har eg sytt for ein stad for paktkista som inneheld den pakta Herren gjorde med fedrane våre då han førte dei ut frå Egypt.
22 Så stod Salomo fram for Herrens altar midt framfor heile Israels forsamling. Han breidde hendene ut mot himmelen
23 og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta og gjer godt mot tenarane dine når dei ferdast heilhjarta for ditt andlet.
24 Du har halde den lovnaden du gav din tenar David, far min. Med di hand har du oppfylt det du lova med din munn, som det viser seg i dag.
25 Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav din tenar David, far min, då du sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt andlet, så sant sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt andlet slik som du har gjort.»
26 Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til din tenar David, far min!
27 Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd!